Svenningdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°22′57″N 13°22′57″E Svenningdalen er eit dalføre i Grane kommune i Nordland. Det strekkjer seg frå Store Majavatnet (310 moh.) ved grensa til Nord-Trøndelag og nordover til Trofors. Staden er spreidd busett, i alt ca. 225 innbyggjarar i 2001. Det er mykje skogbruk og trevareindustri. I nord ligg nedlagde Svenningdal gruver som var i drift 1877–1900. E 6 og Nordlandsbanen med stasjonen Svenningdal følgjer dalføret. Det er veg over fjellet til Tosbotn og vidare til Brønnøysund via fylkesveg 76. Langs dalbotnen renn Svenningdalselva, ei sideelv til Vefsna.

Første ledd i namnet er truleg ei avleiing av norrønt sviðning, som tyder på at gardar i dalen var rydda ved brenning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]