Svensk låglandsfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svensk låglandsfe på Skansen.
Svensk låglandsfe

Svensk låglandsfe (svensk namn Svensk låglandsboskap SLB, òg kalla Svensk Holstein) er ein svensk kurase som stammar frå nederlandske og tyske dyr, hovudsakleg holstein-frisisk fe. Fe av denne rasen kan vera svarte og kvite eller raude og kvite. I dag er svensk låglandsbuskap den dominerande kurasen i Sverige saman med svensk raudt og kvitt fe. I 2007 var det i underkant av 170 000 SLB-kyr i Sverige, og rasen aukar i utbreiing.

På 1800-talet starta importen av Holstein-kyr til Sverige, primært til Skåne. I 1913 blei det oppretta ein eigen samskipnad for rasen i Sverige, og ein grunnla ei stambok. Rasen blei frå no av omtalt som «svensk låglandsboskap». Sidan slutten av 1970-talet har ein òg importert alsmateriale frå nordamerikansk holstein, slik at dei to rasane har blitt likare. Alsarbeidet auka mjølkeproduksjonen, men gav dårlegare kjøtproduksjon.[1]

Svensk låglandsfe er 145-150 cm høge og veg 600-700 kg. Rasen er ein god mjølkerase, med gjennomsnittleg årsavdrått på ca. 9 000 kg mjølk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000 (uppslagsord Svensk låglandsboskap)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]