Svensk raudt og kvitt fe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Svensk röd och vit boskap)
Ku av svensk raudt og kvitt fe.
Svensk raudt og kvitt fe.

Svensk raudt og kvitt fe (svensk namn svensk röd och vit boskap, SRB) er ein svensk kurase. Saman med svensk låglandsfe (SLB) er han den vanlegaste storferasen i Sverige.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dyra er raude eller raude og kvite. SRB er gode mjølkekyr, med høgt innhald av protein og feitt i mjølka. Vaksne kyr har ei levande vekt på cirka 600 kg.

Det definerte avlsmålet er å utvikla ei ku med gode mjølkeeigenskapar, i tillegg til at ho skal ha gode kjøtproduksjonseigenskapar og lang livslengd. Det blir også avla på jureksteriør, jurhelse og kalvingseigenskaper. I tillegg har ein òg søkt å auka storleiken noko.

Historie og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Svensk raudt og kvitt fe er utvikla med utgangspunkt i gamle svenske herregardsrasar kryssa med engelske mjølkerasar og skotsk ayrshirefe. Alsforeninga for Röd svensk Boskap blei oppretta i 1892 og den svenske ayshireforeningen i 1899. Dei to rasane blei slått saman i 1928 til Svensk röd och vit boskap (SRB). I 2007 var det regisrert 166 995 kyr av SRB i Sverige.

Svensk raudt og kvitt fe er òg ein del av grunnlaget til den norske rasen norsk raudt fe. Sæd frå eliteoksar av SRB blir importert til Noreg og blir brukt som såkalla oksefedrar. Som eit resultat av dette inngår SRB i det genetiske arvematerialet til norsk raudt fe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]