Svenska Margaretakyrkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svenska Margaretakyrkan
kyrkje
Den svenske kirke - no-nb digifoto 20160210 00071 NB NS 000840A.jpg
Kyrkja fotografert i 1925-30
Foto: Narve Skarpmoen/Nasjonalbibliotekets bildesamling

Svenska Margaretakyrkan
59°55′1″ N 10°44′49″ E
Wikimedia Commons: Svenska Margaretakyrkan

Svenska Margaretakyrkan er ei kyrkje på Hammersborg i Oslo som høyrer til Svenska kyrkan, som er den svenske folkekyrkja. Bygningen tener medlemmane av kyrkjelyden til Svenska kyrkan i Oslo, og stod ferdig i 1925. Kyrkja vart vigsla av den svenske erkebiskopen Nathan Söderblom 20. desember, fjerde sundagen i advent, og eit portrett av han, måla av Emanuel Vigeland, heng i kyrkjelydsalen. Kyrkjebygningen ligg i nærleiken av Regjeringskvartalet, er granne til hovudbiblioteket til Deichmanske bibliotek, og har adressa Hammersborg torg 8.

Margaretakyrkan med litt av Deichmanske bibliotek til venstre. I framgrunnen Grubbegata i bru over det som no er Hammersborggata. Fotografi frå truleg 1940.
Foto: Anders Beer Wilse (1865–1949)/Oslo Museum

Bygningssoga[endre | endre wikiteksten]

Den svenske kyrkjelyden i Oslo vart skipa i 1911, og leigde seg lokale. Ein kyrkjeforeining vart skipa i 2913, og denne foreininga fekk byggjetomta på Hammersborg vederlagsfritt av Oslo kommune. Den svenske arkitekten Lars Israel Wahlmann teikna kyrkja i ein blandingsstil av nyklassisisme og nybarokk, og bygningen vart oppført i pussa teglstein med naturstein i sokkelen. Kyrkjetårnet er sidestilt, slankt, med ein åttekanta hjelm i kopar og eit åttekanta spir. Det er 350 sitjeplassar i kyrkjerommet. I tillegg er det tre sidefløyer med leserom (avvikla i 1990-åra), kontor og bustadar for prest og for gjestar. I 1940 vart ein svensk aldersheim, Margaretahemmet, bygd på eigedomen, nedlagd i 1989 og omgjort til Fredensborg bosenter.

Altartavla, som har motiv frå Bergpreika, er måla av Gunnar Torhamn. Det er takmåleri av Tor Hörling, og i vindauga vart det etter andre verdskrigen sett inn glasmåleri av Per Vigeland som takkegåve til Sverige for «svenskesuppa» born i Oslo fekk servert i kyrkja under krigen; desse glasmåleria vart øydelagde av Anders Behring Breiviks sprenging av bilbomba i Regjeringskvartalet under terroråtaket hans her 22. juli 2011. I 2014 vart dei fire øydelagde glasmåleria erstatta av nye glasmåleri formgjeve av kunstnaren Rigmor Bové og produsert av Torne Stensrud, Norsk Kunstglass. Desse har himmelrommet som motiv med utgangspunkt i salme 8 i Salmane i Bibelen, som på svensk lyder: «När jag ser din himmel, som dina fingrar format, månen och stjärnorna du fäste där, vad är då en människa att du tänker på henne, en dödlig att du tar dig an honom?».

I 1931 vart ansvaret for kyrkja overteke av Svenska Margaretaförsamlingen, som vart skipa dette året. Organisasjonen var namngjeven etter Margaretha av Sverige (fødd prinsesse Margaret av Connaught, 1882-1920), gift med den seinare kong Gustav VI Adolf. Kyrkja har altså namn etter ho, ikkje etter ein kvinneleg helgen, slik tilfellet er med mange Margaretakyrkjer.

Kyrkja vart rehabilitert i 1990 under leiing av arkitekt Ove Hirdman, og fekk då eit nytt kapell, Mariakapellet, i våpenhuset i den søndre inngangen. Her er eit krusifiks av Birger Boman, teppe av Ylva Sjöström-Vormedal og tekstil av Anita Grede.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svenska Margaretakyrkan

Koordinatar: 59°55′0.90840″N 10°44′48.970″E