Svenske dialektar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart som viser den tradisjonelle inndelinga av det svenske språket i seks dialektområde. Likevel vert tradisjonelt ikkje rekna härjedalska og Övre Frostvikenmål i Jämtland til svensk, men til den norske trønderske dialekten. Nokre skarpe grenser finst ikkje mellom områda, men derimot har grensa tidlegare vore skarp mot finsken i Tornedalen[1]. I innlandet til Norrland dominerte ulike samiske variantar fram til 1700-talet.

Som svenske dialektar forstår ein dei lokale språklege variantene som ikkje har vorte sterkt påverka av endringar i det svenske standardspråket og opphavet deira kan verte spora opp i urnordisken. Dei vert ofte kalla for bygdemål eller soknemål. Ein «svensk dialekt» er den varianten av svensk som hovudsakleg vert tala i Sverige eller av finlandssvenskar. Ein plar å seie at ogso i områda som tidlegare høyrde til Noreg eller Danmark snakkar ein svenske dialektar. I dei områda som har høyrd til Danmark (Skåne, Blekinge og Halland) snakkar ein ogso om austdanske dialektar, med unntak for den nordlege delen av Hallan der ein snakkar det svenske götamålet. Gutnisken, dialekten frå Gotland, stammar ikkje frå gamalsvensk, men tidt vert rekna med som ein svensk dialekt etterson Gotland er ein del av Sverige. Mange av dei meir særeigne dialektane som vert snakka i stadar som Klövsjö i Jämtland, Orsa i Dalarna, Burträsk i Västerbotten eller Närpes i Österbotten omfattar ofte meir tydelege fonetiske og grammatiske aspektar, slik som bevaring av det gamle kasussystemet. Desse dialektane kan vere nesten uforståelege for dei fleste svenskane og dei fleste talarane meistrar òg riks- eller høgsvensk. Dialektane er tidt so lokale at dei kan avgrensast til einskilde sokner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dahl Östen, Edlund Lars-Erik, Wastenson Leif, Elg Margareta (red.) (2010). Sveriges nationalatlas. Språken i Sverige. Stockholm: Norstedt.