Svenske inndelingsverket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teiking av svenske soldatar som høyrer til det «nye» inndelingsverket med uniformer frå 1830-åra

Inndelingsverket (svensk indelningsverket; finsk ruotujakolaitos) var eit system nytta i Sverige for at hæren skulle vere opplært til alle tider. Systemet kom i bruk i 1640 og vart erstatta tidleg på 1900-talet av verneplikta. To forskjellige inndelingsverk har vorte nytta i Sverige, det «eldre» og det «yngre» inndelingsverket. Sistnemnte vert som regel berre kalla «inndelingsverket». Soldatane som var ein del av desse systema vart kalla «inndelte soldatar» og fekk små bustader eller jordhus.

Opphavleg var inndelingsverket eit system for å betale tenarar av staten, som offiserar og prestestanden. Det vart innført fordi ein ofte mangla pengar, og inndelingsverket prøvde å løyse dette med å lokalisere skattane. Dette gjorde at betalinga bestod av ein individuell rett til å samle visse skattar. Seinare viste det til ein organisasjon som skulle skaffe soldatar til dei væpna styrkane, kalla det ständiga knektehållet. Årsaka for denne utviklinga i uttrykket er at inndelingsverket vart nytta til å støtte det ständiga knektehållet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]