Svenskevits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Ein svenskevits er ein vits som spelar på at svenskar ikkje skal vera så lure. Svenskane har tilsvarande vitsar om nordmenn.

Det er vanleg overalt i verda å fortelja morosame historier om ei gruppe folk som er rekna som særs dumme. Ein har til dømes vitsar om dumme irar i Storbritannia og USA, sikhar i India, pasjtunar i Pakistan eller om blondiner på verdsbasis. Ofte blir ei mindre gruppe peika ut som offer for morskapen, til dømes molbuar i Danmark eller kerryfolk i Irland. Utveksling av vitsar på ein meir likeverdig basis finn ein til dømes i Belgia mellom vallonarar og flamlendarar.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.