Sverige i Eurovision Song Contest 1958

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sverige debuterte i Eurovision Song Contest 1958 med songen «Lilla stjärna», sungen av Alice Babs. Ein jury på fem personar frå Föreningen Svenska Kompositörer Av Populärmusik (SKAP) valde ut ti finalistar mellom 152 bidrag og laurdag 8. februar 1958 fann dei i samråd med Sveriges Radio (SR) fram til vinnaren, «Samma stjärnor lysa för oss två», skriven av Åke Gerhard. SR fekk overtala Alice Babs til å framføre bidraget. Ho likte ikkje teksten, og SR-tilsett Gunnar Wersén fekk i oppdrag å skriva ein ny. Babs opptråde så i Eurovision Song Contest 1958 med «Lilla stjärna». Originalopphavsmannen til songen, Åke Gerhard, var ikkje nøgd med at songen fekk ny tekst og tittel, og forbød dimed at songen skulle verte gjeven ut som plateopptak. Fyrst etter 36 år fanst songen tilgjengeleg på CD, og då i liveversjonen frå Eurovision Song Contest 1958.

Vinnarbidraget[endre | endre wikiteksten]

Åke Gerhard med songen «Samma stjärnor lysa för oss två» vart valt ut til å representere Sverige, men Alica Babs vart overtala av SR til å framføre han i Eurovision Song Contest. Ho fekk òg Gunnar Wersén til å skrive ein ny tekst. Alice Babs framførte dimed «Lilla stjärna» i Eurovision Song Contest 1958.

# Artist Song Språk Plass
01 [N 1] «Samma stjärnor lysa för oss två»[N 2] Svensk 1

I Eurovision Song Contest 1958[endre | endre wikiteksten]

Sverige starta som nummer fem i finalen og enda på fjerdeplass med ti poeng.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alice Babs vart overtala av SR til å framføre songen i Eurovision Song Contest.
  2. Alice Babs som framførde songen i Eurovision Song Contest likte ikkje den opphavlege teksten og fekk Gunnar Wersén til å skrive ein ny. Den nye songen fekk tittelen «Lilla stjärna».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]