Sverre Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sverre Aas
Fødd 12. januar 1914
Død

26. februar 2000

Sverre Aas (12. januar 191426. februar 2000) var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger.

Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av Noreg i april 1940. Han var seinare lærar i Hernar, Brekke i Gulen kommune og Leirvik.

Frå 1962 var Aas konsulent for skuledirektøren i Sogn og Fjordane. Frå 1971 til 1981 var han fylkesskulesjef i Sogn og Fjordane.

Aas hadde tillitsverv i Noregs Mållag og i fråhaldsrørsla. Han var aktiv i Systrond Sogelag.

Agnar Aas var sonen hans.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]