Sverre Aasland
Sverre Aasland | |
Fødd | 31. juli 1899 Christiania |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Sverre Aasland på Commons |

Villa Dammann i Havna allé 15 i Oslo, teikna av Arne Korsmo og Sverre Aasland og reist i 1932 for grosserar Axel Dammann.
Foto: Nina Aldin Thune
Sverre Aasland (fødd 1899, død 1989 el. 1990[note 1]), òg Sverre Lasanda, var ein norsk funksjonalistisk arkitekt. Han er særleg kjend for sitt samarbeid med Arne Korsmo og saman skapte dei mellom anna Villa Dammann i Havna allé 15 i Oslo. Bygget fekk Houens fonds diplom for god arkitektur i 1937.
Aasland vart utdanna ved Technische Hochschule i München og tok diplomeksamen i 1926. I åra 1928-1935 dreiv han arkitektfirmaet Aasland og Korsmo i lag med Korsmo.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Eirik T. Bøe skriv 1989 i artikkelen i Store norske leksikon, Arne Gunnarsjaa skriv 1990 i Arkitekturleksikon side 879.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sverre Aasland frå Store norske leksikon
- Arne Gunnarsjaa: Arkitekturleksikon, Abstrakt forlag 1999, ISBN: 82-7935-007-1, side 879