Sverre Anker Ousdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre Anker Ousdal
Sverre Anker Ousdal.jpg
Fødd 18. juli 1944
Flekkefjord
Yrke skodespelar
Sverre Anker Ousdal på Commons

Sverre Anker Ousdal (fødd 18. juli 1944 i Flekkefjord) er ein norsk skodespelar. Han er ein markant filmskodespelar med ei rekke hovudroller i norsk og svensk film.

Han debuterte i 1965 på Den Nationale Scene. Ousdal var ved Oslo Nye Teater 1967-1970, og ved Nationaltheatret frå 1970.

Ousdal hadde store roller i TV-seriene Grenseland (1980), The Last Place on Earth (1985), Blodsbånd (1998).

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Ousdal har vunne Amandaprisen i klassen beste mannlege hovudrolle to gonger. Fyrste gongen i 1990 for hovudrolla i Fjernsynsteatrets Kreditorer, andre gongen i 1998 for hovudrolla i Blodsbånd.

I 2009 vann han òg Amandaprisen sin heiderspris saman med Helge Jordal og Kjersti Holmen.

Ousdal blei i 1997 utnemnt til riddar av 1.klasse av St. Olavs orden for sin innsats i norsk scenekunst.