Sverre Daae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Daae
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1890
Død

1968 (78 år)

Yrke prest
Verv Sokneprest i Leikanger
Periode 1923-1960
Etterfylgjar Einar Bjorvand

Sverre Daae (18901968) var ein norsk prest som var sokneprest i Leikanger frå 1923 til 1960.

I 1917 avla han teologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo, og var prest i Nidaros bispedøme fram til han kom til Leikanger i 1923. Under krigen tok tyske offiserar i bruk prestegarden som bustad. I 1945 vart Sverre Daae stilt for retten, skulda for landssvik, og frådømd embetet. Han anka og vart frikjend i 1952, og heldt fram som prest i Leikanger til han vart pensjonist i 1960. Den tidlegare Leikangerpresten Anders Daae (1789-1816) var bror til Sverre Daae sin tippoldefar.

Det var Sverre Daae som tok initiativet til å restaurera den gamle Leikangerkyrkja, som var modernisert til det ugjenkjennelege i 1872. Arbeidet som tok til midt på 1920-talet varde gjennom heile prestegjerninga hans. Stundom låg presten i strid med museumsdirektør Heiberg om gamalt inventar som med tida var kome i museet sine hender, men på imponerande vis fekk han attende mesteparten til kyrkja si eige. Kyrkja vart restaurert innvendig i 1936 og utvendig i 1955. Forutan å vera mannen som tilbakeførte kyrkja til fordums prakt, var Sverre Daae ein fargerik og godt likt prest som etterlét seg mange gode historier i bygda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]