Sverre Helgesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Helgesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mai 1903
Bodø
Død

4. november 1981 (78 år)
Oslo

Yrke idrettsjournalist, høydehopper, avisredaktør
Språk norsk

Sverre Helgesen (26. mai 19034. november 1981) var ein norsk friidrettsutøvar som tevla i hoppøvingar. Han var son til ein fotograf i Bodø. Sjølv var han sportsredaktør i Arbeiderbladet.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Helgesen deltok i Sommar-OL 1924 i Paris og kom på delt åttandeplass i høgdehopp med 1,83 meter. Året etter sette han norsk rekord i høgdehopp med 1,91 meter under eit stemne i Moss. Helgesen sletta då den 10 år gamle rekorden til Fritz Warendorph på 1,90 meter. Rekorden hans vart ståande fram til 1928. Sjølv flytta han den norske rekorden i høgde utan tilløp tre gongar, ein gong i 1926 og to gongar i 1927 til sist 1,60 meter.

I 1926 vart Helgesen tildelt kongepokalen i friidrett etter å ha vore den beste hopparen i noregsmeisterskapen. Han vann høgdehopp med 1,90 meter og tangerte meisterskapsrekorden, vidare vart han nummer to i tresteg med 13,73 meter og tok bronse i lengde etter eit hopp som vart målt til 6,825 meter.

Helgesen var medlem av Glimt og av Bodø og Omegn Idrettsforening til 1923. Han melde seg inn IK Tjalve då han flytta til hovudstaden i 1923. I 1928 gjekk han over i Arbeidernes idrettsforbund og melde seg inn i AIF-foreininga Rollo. Same året som han vart medlem av Arbeidernes idrettsforbund vann han gullmedaljen i høgdehopp under Spartakiaden i Moskva. I åra deretter vann han fleire AIF-meisterskap i hoppøvingane.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1924: Sølvmedalje i høgdehopp - 1,80 m
  • 1925: Sølvmedalje i høgdehopp - 1,86 m
  • 1926: Gullmedale i høgdehopp (1,90 m), sølv i tresteghopp (13,73 m) og bronse i lengdehopp (6,82 m) - Kongepokal

Helgesen var sportsredaktør i Arbeiderbladet frå 1928 til 1973. Frå juni til oktober 1945 var han styremedlem i det fyrste konstituerte forbundsstyret i Norges Friidrettsforbund. Ved forbundstinget i oktober 1945 vart han vald til visefomann, eit verv han hadde fram til november 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971