Sverre Helland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Helland
Fødd18. september 1924
Hamre kommune
Død31. desember 2007 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde, elektriker
Alle verv

Sverre Helland (18. september 192431. desember 2007) var ein gardbrukar og politikar frå Eikangervåg i Hordaland. Han var stortingsrepresentant for Senterpartiet frå 1969 til 1985.

Helland var son til ein gardbrukar, og tok i si tid over farsgarden. Frå 1947 til -51 arbeidde han som lærling i elektrofaget. Skuleåret 1951/52 gjekk han økonomilina ved Bondelagets folkehøgskoleMysen. Åra frå 1957 til -60 utdanna han seg vidare på elektrolina ved Bergens tekniske skole. Same året som han fullførte skulen, grunnla han sitt eige firma, Helland Elektro & Co. Firmaet dreiv han til 1996.

Helland var heradsstyremedlem i Hamre herad perioden 1952-55. Seinare, etter kommunesamanslåingar, var han med i formannskapet i Lindås 1964-71, ordførar i perioden 1968-69.

Hausten 1969 vart Helland vald til å representere Hordaland og Senterpartiet på Stortinget. Gjennom seksten år var han tingmann, medlem 1969-77 i Industrikomiteen og 1.10.1977-15. april 1983 av Finanskomiteen. Dei siste to og ein halv sesjonane møtte han i Justiskomiteen. Helland var politisk nestformann i Senterpartiet frå 1981 til -83.

Helland vart i 2005 tildelt Kongens Fortenestemedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi