Sverre Hope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Hope
Fødd4. april 1902
Kvam herad
Død2. april 1966 (63 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde
FarLudvig Hope
Alle verv

Sverre Hope (4. april 19022. april 1966) var ein norsk bonde og Høgre-politikar frå Kvam i Hordaland, stortingsrepresentant 1945-53.

Hope var son til lekpreikaren Ludvig Hope som dreiv eit gardsbruk ved Vikøyr prestegard. Sjølv gjekk han Framnes ungdomsskule, ein kristeleg folkehøgskule i heimbygda, før han reiste til Nord-Amerika og tok eksamen ved «høgskule» i Grand Forks i Nord-Dakota i 1919. Deretter arbeidde han i to år på ymse farmar i USA og Canada.

I 1923 kjøpte Hope garden Eikli i Ski i Akershus og dreiv denne til 1960.

Hope var mellom dei mange nye representantane som vart valde inn på Stortinget hausten 1945. Han vart attvald hausten 1949 og var stortingsrepresentant for landkrinsen Akershus og partiet Høgre til ut året 1953. Begge tingbolkane var han medlem av Landbrukskomiteen, i den siste også av Valkomiteen. Perioden 1950-55 var han medlem av landsstyret i Høgre,

Hope var medlem av kommunestyret i Ski 1952-55 og frå 1960 til han døydde i 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]