Sverre Istad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre Istad
Fødd 3. januar 1965
Voss
Yrke skiskyttar

Sverre Geir Istad (fødd 3. januar 1965) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Voss, medlem i Voss Idrettslag. Han vann VM-sølv i lagtevlinga i 1991, og NM-gull på 10 km i 1990. Jon Istad var farbror hans og han er syskenbarn til Gro Marit Istad Kristiansen.

Istad vann 10 km sprint under NM i skiskyting 1990 på heimebane på Voss, framfor sambygdingane Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne. Året etter fekk han sølv på 20 km då noregsmeisterskapen fann stad i Steinkjer, lagkamerat Fenne tok gullmedaljen.

Under VM i skiskyting 1991 i Lahti var Istad med å vinne sølv i lagtevlinga, saman med Jon Åge Tyldum, Ivar Ulekleiv og Frode Løberg. På 10 km sprint kom han på niandeplassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar