Sverre L. Mo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre L. Mo
Fødd25. januar 1915
Kvam herad
Død10. oktober 2002 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, bilmekaniker
Alle verv

Sverre Larsson Mo (25. januar 191510. oktober 2002) var ein norsk bilmann og politikar frå Kvam i Hordaland. Han representerte Hordaland og Kristeleg FolkepartiStortinget i fire periodar frå 1965.

Mo var son til ein gardbrukar på garden med same namn i dåverande Vikøy sokn. Sjølv starta han opp ei bilrute, Bilgodsruten Hardanger-Bergen, i 1934. Dette firmaet eigde og dreiv han fram til 1978. Frå 1946 eigde han òg bilverkstaden Mo Auto, eit firma som i 1968 opna verkstad også i Kvinnherad. Fire år seinare selde han frå seg Mo Auto.

Mo var med i kommunestyret i Kvam 1948-55 og 1960-73. Mest heile tida var han med i formannskapet.

På Stortinget var Mo medlem av Justiskomitéen frå 1965 til -69. Sidan var han medlem av Samferdslekomitéen til han forlet Stortinget i 1981, på same tid som han også var med i Fullmaktskomitéen. Han var medlem av Valkomitéen 1965-69 og 1973-77.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]