Sverre M. Fjelstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre M. Fjelstad
Sverre M Fjelstad.jpg
Sverre M. Fjelstad i 1965.
Foto: Rigmor Dahl Delphin/Oslo museum
Fødd 17. oktober 1930
Oslo
Yrke fotograf, filmprodusent, zoolog

Sverre Martin Fjelstad (fødd 17. oktober 1930) er ein norsk naturfotograf og sakprosaforfattar, og ein pioner i å laga film om natur og villdyr for fjernsyn. Han er fødd i Oslo og voks opp på Bekkelagshøgda i Oslo, men hadde frå barndommen av røynsle med skog og natur, ettersom faren hans, som var eigedomsmeklar, kom frå den vesle plassen Kattisa ved Nøklevann i Østmarka, ein lut av Oslomarka. Mora var utdanna lege, og kom frå Sambandsstatane.

Allereie som gut skreiv Sverre Fjelstad om naturen i lokalavisa Nordstrand Blad i Oslo. Vandringane hans i heimlege traktar leia mellom anna til at han i åra 1953 -1959 oppdaga på Ekeberg i Oslo 26 felt med helleristingar som vart tidfesta til bronsealderen, mellom anna felt med fleire hundre skålgroper. Han fann òg gravhaugar. Alle desse funna vart rapporterte til arkeologen Anders Hagen. Nokre år seinare tok han del i arkeologiske utgravingar av fleire steinalderbuplassar i Troms og Finnmark.

Men sjølve grunnlaget for verksemda som naturfotograf og arbeidet med sitt eige mangeårige fjernsynsprogram, Naturmagasinet (1966–74), i Norsk rikskringkasting, vart lagt då han fekk i oppdrag av fotografen og zoologen Per Høst å filme natur og ville dyr for den dokumentariske spelefilmen Same-Jakki frå 1956-1957 om livet til reindriftssamane i Finnmark før mekaniseringa gjorde seg gjeldande. Fjelstad har laga over hundre naturfilmar for Norsk rikskringkasting, fjernsynet, og har sidan 1975 presentert dyr og natur i mange land, framfor alt i skandinaviske og tropiske strøk. Fleire av fjernsynsfilmane hans er synt fram i utlandet, mellom anna i Sambandsstatane, der selskapet SBS kjøpte 15 episodar om norsk natur i 1983. Hausten 1989 byrja han eit engasjement med eigen fjernsynsserie hos TV3.

Fjelstad har vore bokmeldar av naturbøker i Oslo-avisa Aftenposten, og skreiv i 1960- og 1970-åra dessuten minst ein artikkel i veka om dyr og natur i denne avisa. Frå 1972 hadde han dessutan ei fast spalte, Naturen rundt oss, i avisas helgemagasin, A-magasinet, fram til dette vekemagasinet opphøyrde i 1993. I same tidbolken skreiv han òg minst ein artikkel i månaden for bladet Villmarksliv, og dessutan bidrog han med fotografi og artiklar til bladet Fotografi; båe desse to blada hadde han meir eller mindre vore med å få etablert. Han er elles kjend som kåsør i radio og som føredragshaldar, og er forfattar av i alt 27 bøker illustrerte med eigne fotografi, for det meste basert på eigne naturopplevingar og møte med ville dyr i Noreg, Afrika, Asia og Amerika. Han er sterkt kritisk til kommersialismen som gjer seg gjeldande i dagens tilbod av naturprogram, som satsar meir på dramatiske og grufulle scener enn på venleiken og samspelet i naturen. Sjølv om han òg har gjort mange dramatiske opptak, nyttar han dei mest aldri.

Fjelstad var med i Oslo bystyre i åra 1972–1976 som partilaust medlem etter å ha vorte kumulert inn som representant for vern av natur og miljø, og tok då initiativ til å få reetablert ei beverstamme i Østmarka i Oslo.