Sverre Morken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Sverre Morken
Fødd 19. april 1945
Folldal
Yrke kunstmålar, frimerkekunstnar, gravør, treskjerar

Sverre Morken (fødd 19. april 1945) er ein norsk kunst0ar som er mest kjent for å ha formgitt ei lang rekkje norske frimerke og sedler.

Han voks opp på eit småbruk i Folldal med Rondane som næraste nabo, og flytta til Nittedal i 1977.

Han segla på Austen og Australia som ung mann. Deretter utdanna han seg som treskjærer og i bokkunstfaget i Oslo.

I Noregs Bank sin seddeltrykkeri var han grafiker sidan 1972 med ansvar for design og gravering av forsidene på pengesedler. I over 30 år har han gravert frimerke for Posten Noreg.

Då avbildningen av Noregs riksvåpen til offentleg bruk skulle omarbeidast, var det Morken som fekk ansvaret for oppgåva. Hans utforming frå 1992 vert i dag brukt av statlege styresmakter som den offisielle avbildningen av riksvåpenet .

På 50-kronerseddelen har han portrettert eventyrforteljaren Peter Christen Asbjørnsen. Vi kan sjå eit glimtar av vatna Øyrfiske og dermed Nittedal i bakgrunnen.

I fleire samanhengar har Morken henta motiv frå Nittedal kommune. Frimerka med landpostbudet Roar Ramstad føre plassen Mago nord i bygda og steinhoggeren Roll Molander i steinbrotet på Gjelleråsen.

29. juni 2004 fekk Sverre Morken overrekt Kongen sin fortjenstmedalje i gull. Sverre Morken mottok denne æresbevisning for sin innsats innanfor grafikk og design. Hans arbeid med sedler og frimerke har vore eit vesentleg bidrag til at norske sedler og frimerke har fått internasjonal heider for sin høge kunstneriske standard og ofte framstår som døme i estetisk utforming.

Morken har i løpet av 30 år designa meir enn 150 frimerke. Dette arbeidet har resultert i ei rekkje internasjonale prisar. Blant anna har norske frimerke vorte kåra til verda si venaste. Sverre Morken vann i 2003 stor heider for frimerka utgjeve til 100-årsjubileet for Nobels fredspris. Han er òg tildelt "Merkt for god design" saman med Enzo Finger for frimerket utgjeve til markeringa av H. M. Kong Olav Vs fødsel. Morken har laga ti prosent av alle norske frimerke som er gjeve ut sida 1855.

Morken har eige atelier og galleri i Nord-Atndalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]