Sverre Nybø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Nybø

Fødd24. november 1903
Oslo
Død4. september 1976 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, prest
BarnLeif Nybø
Alle verv

Sverre Bernhard Nybø (24. november 19034. september 1976) var ein norsk prest og politikar, fødd i Oslo. Han var stortingsrepresentant for partiet Høgre frå Møre og Romsdal i tida 1954 til 1973.

Nybø var son til ein prest og voks, mellom anna, opp i Loppa prestegjeld i Finnmark. Han òg utdanna seg til cand.theol. og vart uteksaminert frå Menighetsfakultetet i 1929. Far hans kom frå Nordfjord, og han søkte sjølv seg til distriktet då praktikum var gjennomført i 1930. Etter fyrst å ha vore hjelpeprest og sokneprest i Selje i Nordfjord, flytta han i 1939 over til grannekommunen VanylvenSunnmøre, der han seinare også var prost i Søre Sunnmøre prosti.

Nybø var ordførar i Vanylven i 1945 og 1960-61, varaordførar 1948-49. Mellom 1945 og 1963 var han i alt 13 år medlem av heradsstyret i Vanylven. Heilt frå han kom til Vanylven kom han med i kommunalt styre og stell, og gjennom åra hadde han ei mengd offentlege og organisatoriske verv.

Ved stortingsvalet hausten 1953 vart Nybø vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, som den einaste Høgre-representanten frå fylket. Han vart attvald fire gongar. Nybø var i alle år på Tinget medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, dei to siste periodane var han formann i komiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]