Sverre O. Andresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre O. Andresen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1924
Oslo
Død

12. desember 1994 (70 år)

Yrke politikar, fagforeiningsleiar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Sverre Oddvar Andresen (11. mars 192412. desember 1994) var ein norsk arbeidsmann, stortingsrepresentant 1965-69 for Arbeidarpartiet.

Andresen var son til ein vognmann i Oslo. Han byrja i lære hos Knut Graah i heimbyen i 1938, samstundes som han gjekk teknisk kveldsskule og eit ettårig kurs i bokføring og kalkulasjon. Frå 1940 var han i ti år plate- og sveisearbeidar ved Høka jernbanevognfabrikk. Der etter var han reparatør og dreiar ved A/S Hofsfos papirfabrikker i tida 1950-1962, og 1963-65 gjorde same jobben ved A/S Follum Fabrikker.

Hausten 1965 vart Andresen vald til stortingsrepresentant frå Buskerud fylke og for Arbeidarpartiet. På Stortinget var han 1965-69 medlem i Administrasjonskomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1969 og var frå 1970 hovudkasserar i Norsk Papirindustriarbeiderforbund til 1989.

Andresen var elles formann i forsorgstyret/sosialstyret i Ringerike kommune 1964-67 og i sosialstyret i Hole kommune 1977-83. Også formannskapsmedlem i Hole 1978-83 og kommunestyremedlem 1987-1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]