Sverre Sandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Sandvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mars 1918
Død

25. mars 1993 (75 år)

Yrke skribent, musikkinstrumentmaker
Språk norsk

Sverre Sandvik (15. mars 191825. mars 1993) var ein norsk felemaker, forretningsmann og forfattar. Han var frå Bremanger. I tillegg til å ha laga rundt 400 feler så skreiv han også boka Vi byggjer hardingfeler. Dette er ei bok som viser korleis ein lagar ei hardingfele. Sandvik var i mange år også leiar for det årlege felemakarkurset ved Raulandsakademiet.

Sandvik begynte som samvirkestyrar på Kjelkenes. På slutten av 1940-åra arbeidde han som samvirkestyrar i Strandebarm og deretter i Ålvik i Hardanger. I 1956 flytta han med familien til Rjukan i Tinn kommune. Samvirkelaget Kooperasjonen hadde 12 avdelingar med m.a. eige bakeri, pølsemakeri og kafé. Han var også sentral i utarbeidinga av Gaustablikk-området og Gaustablikk Høyfjellshotell. Rundt 1970 overtok han jobben som administrerande direktør i Østfold Samvirkelag med over 700 tilsette. I dei følgjande åra vart mellom anna OBS-varehuset Slitu bygd under hans leiing. Sandvik var 10 år i Østfold. I dei seinare åra budde han og familien på Miland i Tinn i Telemark.

Det finst Sandvik-feler i mange land m.a. USA, Japan og England. Fleire kjende felemusikarar har brukt feler bygd av Sandvik. Han bygde også mange barnefeler.

Sandvik gjorde også ein innsats i motstandsrørsla under andre verdskrig. Han vart heidra med medalje etter krigen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]