Sverre Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre Solberg
Fødd29. januar 1960
FødestadDrøbak
Død9. februar 2014
FødenamnSverre Bjørn Solberg
Aktive år1984–2011
Verka somskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar
PrisarBlå fugl

Sverre Solberg (29. januar 19609. februar 2014)[1] var ein norsk skodespelar. Han var ferdig utdanna innan teater i 1984. Han var fyrst tilsett ved Rogaland Teater, men reiste så til hovudstaden og var tilsett ved Det Norske Teatret. Han jobba både Oslos nye teater og i Radioteatret. For ei tolking av Julian i dramaet Keiser og gallileer av Henrik Ibsen, vann han Radioteatrets blå fugl i 1994.

På fjernsyn er han kjend frå NRK-seriane Vestavind frå 1994, og Soria Moria frå 2000. Solberg har også spelt politispanaren «Kjetil» i TV 2-serien Fox Grønland, og den karismatiske «Alexander Löw» i Hotel Cæsar frå 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]