Sverre Stenersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sverre Stenersen
Sverre Stenersen 1956cr.jpg
Sverre Stenersen i 1956
Fødd 18. juni 1926
Målselv
Død

16. desember 2005
Målselv

Sverre Stenersen på Commons

Sverre Stenersen (18. juni 192617. desember 2005) var ein norsk kombinertrennar frå Målselv. Han vart verdsmeister i kombinert i 1954 og olympisk meister i same i i 1956. Dessutan fekk han VM-sølv i 1958 og OL-bronse i 1952. Frå 1954 til -58 vann han alle dei fem norske meisterskapane i kombinert. Stenersen representerte Målselv IL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stenersen markerte seg i kombinert-øvinga frå 1951-sesongen. Han kom då på bronseplass under noregsmeisterskapen, berre slått av den komande olympiameisteren Simon Slåttvik og Kjetil Mårdalen. I OL-sesongen 1952 fekk Stenersen ein ny NM-bronse, delt med nettopp Slåttvik og fekk dermed delta for Noreg under OL i Oslo. I Ol-tevlinga i Holmenkollen vann Stenersen ein ny bronsemedalje, men kunne lite gjere med den olympiske meisteren Slåttvik, ei heller med den finske kombinertkjempa Heikki Hasu som fekk OL-sølvet.

Stenersen høyrde til i verdstoppen i kombinert resten av tiåret. I 1954 vart han noregsmeister for fyrste gong, ei bragd han skulle gjenta dei neste fire åra. Under VM 1954 var han best av eit kobbel norske kombinterrennar, og vart verdsmeister i øvinga framfor fire landsmenn. Med 461,1 poeng hadde han einast eiit poengs margin til sølvmannen Gunder Gundersen.

I 1955 vann Stenersen kombinert i Holmenkollen for fyrste gong, han gjentok triumfen der i 1956 og i 1959. Under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo var han heilt suveren då han slo svensken Bengt Eriksson, som vart nummer to, med over 17 poeng. Dermed vann Stenersen alle dei fire store tevlingane han stilte i i 1956-sesongen.

Etter andreplass i Lahti i 1955 vann Stenersen kombinertrennet i den finske skibyen både i 1956, -57, 59- og -60. År 1958 gjekk verdsmeisterskapen av stabelen i nettopp Lahti. Her måtte Stenersen gje tapt for Finlands eigen Paavo Korhonen, som fekk 448,50 poeng mot Stenersens 447,69.

Same året, 1958, vann Stenersen sin femte og siste NM-tittel i kombinert i Holmenkollen. Under noregsmeisterskapen i Holmenkollbakken imponerte han og fekk NM-sølv i spesielt hopprenn 1,1 poeng bak noregsmeisteren, den tidlegare olympiameisteren Arnfinn Bergmann.

Stenersen la opp i 1961 og vart trenar for det norske kombinertlandslaget.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1950: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1951: Nr 9 i Holmenkollen
  • 1952: Bronsemedalje i OL 1952 i Oslo
  • 1953: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1954: Gullmedalje i VM 1954 i Falun
  • 1955: Vinnar i Holmenkollen og nr 2 i Lahti
  • 1956: Gullmedalje i Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, samt vinnar av renna i Holmenkollen og i Lahti
  • 1957: Vinnar i Lahti
  • 1958: Sølvmedalje i VM 1958 i Lahti
  • 1959: Vinnar i Holmenkollen og i Lahti
  • 1960: Vinnar i Lahti
  • 1961: Nr 9 i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1950: Nr 6
  • 1951: Bronsemedalje
  • 1952: Bronsemedalje
  • 1954: Gullmedalje på Kongsvinger
  • 1955: Gullmedalje på Voss
  • 1956: Gullmedalje i Drammen
  • 1957: Gullmedalje i Mo i Rana
  • 1958: Gullmedalje i kombinert i Oslo og sølvmedalje i hopp
  • 1959: Bronsemedalje på Gjøvik
  • 1960: Nr 4 i Nedre Eiker

Stenersen var norsk flaggberar i vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Same året vart han tildelt Holmenkollmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Sverre Stenersen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.