Sverresoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sverres saga)
Jump to navigation Jump to search
Sverres saga, eit blad frå handskriftet AM 81 a fol.

Sverresoga (norrønt Sverris saga) er ei soge om den norske kongen Sverre Sigurdsson (1151–1202). Soga byrjar med at Sverre tar opp kampen om den norske trona i 1177, og ender med at kongen døyr i 1202. Sverresoga vart i hovedsak skriven av den islandske abbeden Karl Jonsson, men også andre, ukjende personar kan ha vore med å fullføre soga.

Sverresoga er eit propagandaskrift for kong Sverre og birkebeinarkongedømet hans.[1] Sverre levde under borgarkrigstida (1130-1240) i Noreg, ei tid der fleire ulike menn kjempa om å verte norsk konge. Soga handlar om korleis Sverre vinn over kong Magnus Erlingsson (norsk konge 1161-1184), og korleis Sverre greier å verte norsk einekonge.

Overleveringar[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege handskriftet av Sverres saga er tapt, men det finst fleire avskrifter, slik at soga er verna for ettertida. Soga er attgjeve i heilskap i fire handskrift: Eirspennill (AM 47 fol.) og AM 327 frå ca. 1300, Flatøybok frå ca. 1380, og Skålholtsbok frå ca. 1400. Soga finst òg i fleire ufullstendige versjonar. Eirspennill har ein mykje kortare tekst enn dei andre tre attgjevingane. Historikaren Halvdan Koht argumenterte for, men gjekk seinare bort frå, at versjonen i Eirspennill er den opphavlege soga, og at dei andre versjonane er seinare tillegg til den opphavlege teksten. Gustav Indrebø har på den andre sida meint at det er motsett: den lange versjonen er den opphavlege, og versjonen i Eirspennill er ei forkorting. AM 327 og versjonane i Flatøybok og Skålholtsbok har alle verna den opphavlege teksten ganske godt, men AM 327 er vanlegvis det handskriftet som vert føretrekt.[2]

Soga inneheld 182 kapittel og er sett saman av to deler. Den fyrste delen vert kalla Gryla. Denne delen er skriven medan kong Sverre levde, av den islandske historieskrivaren Karl Jonsson i samarbeid med kongen sjølv. Gryla er av det svært prega av Sverre sitt perspektiv. Den andre delen av soga er fullført etter at Sverre døydde, enten av Karl eller av ein eller fleire andre. Det har vore føreslått at personen som skreiv den siste delen av soga òg kan ha skrive den lange versjonen av Baglersoga, sidan desse har mange stilmessige likskapsstrekk.[3] I den siste delen av Sverresoga kjem Sverre sine motstandarar meir fram, og fortellinga er i det heile tatt prega av større objektivitet enn Gryla. Soga vart sett saman til ein heilskap på starten av 1200-talet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sverres saga i Store norske leksikon
  2. Holm-Olsen (1953): 9-11
  3. Alexander Bugge (1914): Fortale til Norges kongesagaer bind IV
  4. Krag (2000): 241

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]