Sverresborg kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverresborg kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Byåsen
Sokn Sverresborg
Fellesråd Trondheim
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Stein Halvorsen
Innvigd 7. september 2014
Kyrkjegard Nei
Altartavle Karen Bit Vejle
Kart
Sverresborg kyrkjesenter
63°24′53″N 10°21′13″E / 63.414722222222°N 10.353611111111°E / 63.414722222222; 10.353611111111
Wikimedia Commons: Sverresborg kirkesenter

Sverresborg kyrkje eller Sverresborg kyrkjesenter er ei arbeidskyrkje i Trondheim i Sør-Trøndelag. Kyrkja vart vigsla den 7. september 2014. Ho utgjer første byggetrinn med det som er kyrkjelydshus og kyrkjelydssal. Dette skal seinare utvidast med 300 kvadratmeter til ein fullverdig kyrkjesal. I tillegg har bygget rom for andre aktivitetar.[1]

Altartavla er eit psaligrafisk verk av Karen Bit Vejle ferdigstilt hausten 2015. Biletet er 200 cm breitt og 300 cm høgt og forma som ein superellipse. Illustrasjonen viser mellom anna menneske i forskjellige stadium på livets veg og ei rekke symbol, mellom dei duer. Det heile er ramma inn av teksten til Fader vår og montert mellom glassplater. Tavla kan lyssettast, slik at ho kan brukast i ulike samanhengar.[2][3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Byggeindustrien om Sverresborg kyrkjesenter
  2. NRK om Karen Bit Vejle og altartavla
  3. Adresseavisen 21. november 2015