Svesfjorden

Koordinatar: 64°22′49.138″N 10°33′57.964″E / 64.38031611°N 10.56610111°E / 64.38031611; 10.56610111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svesfjorden er ein fjord i Osen kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 9 km søraustover til garden Sve, som har gjeve namn til fjorden.

Fjorden har innløp mellom bygda Seter i nord og Helvikneset i sør. Det er forholdsvis få busetnader langs fjorden. Utan om Seter i nord og Sve i sør, ligg gardsbruket Angen på nordsida av fjorden. Mårvika og Drageid ligg i aust, medan Ervika og Leivika ligg heilt i søraust. Ved Drageid ligg det eit eid med ei breidd på om lag 250 meter. Grensa mellom Sør- og Nord-Trøndelag går langs dette eidet og på andre sida ligg botn av Bølefjorden

Fylkesveg 5 går langs nord- og austsida av fjorden.

64°22′49.138″N 10°33′57.964″E / 64.38031611°N 10.56610111°E / 64.38031611; 10.56610111