Hopp til innhald

Svetlana Bogdanova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svetlana Bogdanova
Statsborgarskap Russland
Fødd 12. juli 1964 (60 år)
Jekaterinburg
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Svetlana Vladimirovna Bogdanova (fødd 12. juli 1964) er ein russisk tidlegare handballspelar frå Sverdlovsk. Målvakta vart verdsmeister 1990 for Sovjetunionen og 2001 for Russland.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Bogdanova vakta målet då Sovjetunionen slo Jugoslavia med 24 mål mot 22 i finalen under Handball-VM 1990. To år seinare tapte Russland og Bogdanova semifinalekampen mot Noreg under Sommar-OL 1992, men lukkast vinne bronsefinalen. I desember 2001 vart Bogdanova verdsmeister på ny, då Russland i finalen slo det norske laget 30–25.

Bogdanova var på 1980-talet aktiv på universitetslaget til Sverdlovsk. I 1996 reiste ho til Spania, der ho allereie året etter var med å vinne finalen i meisterligaen for Sagunt (Mar Valencia). Også i 1998 tok Sagunt seg til meisterligafinale, eit oppgjer som enda med tap for Bogdanova og Sagunt. I 1999 skifta ho over til konkurrenten Mislata. Med dette spanske laget vann ho EHF-cupen våren 2000, norske Tertnes IL vart slått 42–41 i finalane. Bogdanova avslutta med spel 2002–06 for Itxako, også det eit spansk lag.

  • VM-gull: 1990 og 2001 for Russland
  • OL-bronse: 1992 for «Sovjetunionen»
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 1997 med Sagunto
  • Vinnar av EHF-cupen: 2000 med Mislata
  • Spansk seriemeister: 1997, 1998 med Sagunto
  • Spansk cupmeister: 1997, 1998, 1999 med Sagunto og 2001 med Mislata