Svetlana Isjmuratova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svetlana Isjmuratova

Svetlana Ishmouratova 2006.jpg

Statsborgarskap Russland
Fødd 20. april 1972
Zlatoust
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar, politikar

Svetlana Irekovna Isjmuratova, tatarsk Svetlana İrek qızı İşmoratova (fødd 20. april 1972) i Zlatoust i Tsjeljabinsk oblast) er ein russisk skiskyttar av tatarsk etnisk opphav. Ho er olympisk meister på 15 km frå OL i Torino i 2006 og fleire gonger verdsmeister på stafett.

Faren til Svetlana Isjmuratova var skitrenar, og ho begynte å stå på ski som femåring, men først i 1996 gjekk ho over frå langrenn til skiskyting. Ho vann sitt første VM-gull på stafetten i Pokljuka i 2001. I OL i Salt Lake City i 2002 fekk ho bronse med stafettlaget. I VM i Khanty-Mansijsk i 2003 fekk ho sølv på fellesstarten og bronse på jaktstarten. I 2006 vann ho sitt første verdscuprenn, og kvitta seg med stempelet som evig toar, etter at ho hadde fått andreplass 12 gonger. I OL i Torino nådde karrieren hennar eit nytt høgdepunkt då ho vann gull på 15 km og var med å vinna gull med stafettlaget.

Isjmuratova la opp som skiskyttar etter 2006-sesongen. I desember 2007 vart ho valt inn i det russisk parlamentet, Dumaen, for partiet Sameint Russland.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • 6. plass (1999/2000)
  • Verdsmeisterskap:
    • 4 gull, 2 sølv, 1 bronse (beste individuelt: sølv på fellesstart, 2003)
  • Olympiske leikar:
    • 2 gull (15 km, Torino 2006), 1 bronse
  • Verdscuprenn:
    • 2 gull, 13 sølv, 9 bronse