Svetlana Kriveljova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svetlana Kriveljova
Fødd 13. juni 1969
Brjansk
Yrke friidrettsutøvar

Svetlana Vladimirovna Kriveljova (fødd 13. juni 1969) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Brjansk som tevla i kulestøyt. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1992 og verdsmeister i 2003. Kriveljova er 182 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 100 kg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kriveljova tok bronsemedaljen i kulestøyt ved friidretts-VM 1991, bakom vedsmeister Huang Zhihong og Natalja Lisovskaja. Under dei olympiske leikane 1992 i Barcelona vann ho gullmedaljen framom verdsmeister Huang og Kathrin Neimke. I 1993 fekk Kriveljova VM-sølv i Stuttgart, med Huang framom og Neimke bakom seg på resultatlista.

Etter ei pause på to år deltok Kriveljova i Sommar-OL 1996 i Atlanta, der ho rauk ut i kvalifiseringa. Våren 1999 vann ho kulestøyt ved innandørs-VM i Maebashi. Seinare i 1999 vart ho nummer tre i verdsmeisterskapen i Sevilla, slått av dei tyske utøvarane Astrid Kumbernuss og Nadine Kleinert. Under Sommar-OL 2000 enda Kriveljova på fjerdeplassen.

Både under innandørs-VM 2001 i Lisboa og EM i friidrett 2002 i München vann ho bronsemedaljar. Året etter sigra ho ved i VM i friidrett 2003 i Paris, framom kviterussiske Nadseja Astaptsjuk og ukrainske Vita Pavlysj. Våren 2004 vart ho opphavleg nummer to i kuletevlinga ved innandørs-VM i Budapest, men vart seinare tilkjend sigeren ettersom vinnaren Vita Pavlysj viste seg å ha vore dopa.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Kriveljova var største favoritten i kvinnene si kulestøyt-tevling ved sommarleikane 2004. Ho enda på fjerdeplass, men sidan vinnaren, landskvinna Irina Korzjanenko testa positivt på stanozolol og mista OL-gullet, rykte Kriveljova opp på bronseplass. I sin siste sesong vart Kriveljova nummer fire i VM i friidrett 2005 i Helsinki.

Etter at Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) retesta 2004-prøvene og fekk positivt utslag på Kriveljova, vart OL-plasseringa hennar annullert i desember 2012. Også VM-prestasjonen frå 2005 vart annullert. I april 2013 vart ho av det russiske friidretsbundet utestengd frå tevlingar i to år. Ho hadde då forlengst lagt opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]