Svetlana Masterkova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svetlana Masterkova
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 17. januar 1968 (56 år)
Atsjinsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden

Svetlana Aleksandrovna Masterkova (fødd 17. januar 1968) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister både på 800 meter og 1500 m i 1996, europameister 1998 og verdsmeister 1999 på 1500 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Masterkova, som var frå Atsjinsk i Sibir, fekk sitt gjennombrot då ho i 1991 vart sovjetmeister på 800 meter. Ho tok seg same året til finalen på 800 meter i Tokyo-VM, men enda på åttande og sisteplass.

Dei neste sesongane hadde ho lite suksess, med andreplassar på 800 m i innandørs-VM 1993 og i verdscupen same året, som det beste. Ho sleit tidvis med skadar, og ho fødde ei dotter i 1994.

Våren 1996 vart Masterkova nummer tre på 800 m i innandørs-EM i Stockholm. Same året byrja ho å delta også på 1500 meter, og i den russiske friidrettsmeisterskapen vann ho både 800 m og 1500 m. Ho vart likevel ikkje rekna med mellom favorittane på 800 m under Sommar-OL i Atlanta, der ein forventa eit oppgjer mellom Maria Mutola og Ana Fidelia Quirot. Masterkova tok leiinga frå start, og heldt sidan alle konkurrentane bak seg til målstreken var passert, Quirot vart nummer to, 0,38 sekund bak. Fem dagar seinare vann Masterkova også gullmedaljen på 1500 m etter same oppskrifta, sju tidels sekund føre Gabriela Szabo. Dermed hadde ho kopiert Tatjana Kazankina sin dobbeltriumf på dei same distansane, tjue år tidlegare.

Masterkova deltok i VM 1997, men ein akhilles-skade førte til at ho braut forsøka på 1500 meter. Derimot toppa ho ein stor 1998-sesong med siger på 1500 m under europameisterskapen. I 1999 deltok ho på ny på begge mellomdistansane i verdsmeisterskapen. På 800 m måtte ho sjå Ludmila Formanová, 1.56,68, og Maria Mutola, 1.56,72, eit par tidels sekund framfor seg, men på 1500 meter vann ho med romsleg margin, 0,82 sekund, til Regina Jacobs frå USA. Året etter var Masterkova på plass i Sydney-OL, der ho braut sitt 1500-meterheat.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]