Svetlana Nagejkina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svetlana Nagejkina


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland, Belarus
Fødd 2. februar 1965 (59 år)
Tambov
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Vinter-OL 1988, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Svetlana Vjatsjeslavovna Nagejkina (fødd 2. februar 1965) er ein tidlegare langrennar frå Tambov som etter tur tevla for Sovjetunionen, Russland og Kviterussland. Ho vart olympisk meister i 4 x 5 km stafett med Sovjetunionen i 1988.

Nagejkina debuterte i verdscupen i langrenn med ein sjetteplass på ein 20 km i Oberstdorf i februar 1986. Under Vinter-OL 1988 i Calgary var ho med i medaljekampen på både 10 km og 5 km, og gjekk den fyrste etappen i 4 x 5 km stafett for Sovjetunionen, ein stafett der lagvenninnene Nina Gavriljuk, Tamara Tikhonova og Anfisa Reztsova etter kvart tok laget inn til ein suveren siger.

Nagejkina sin einaste triumf i eit verdscuprenn kom då ho gjekk til topps på ein 10 km i Bohinj den 25. februar 1990. Sigeren var med på sikre henne fjerdeplassen i verdscupen i langrenn 1990, i det som vart hennar beste sesong.

Sesongane 1993-2001 var Nagejkina med på det sterke russiske kvinnelandslaget. Gjennom alle desse åra stod ho i skuggen av utøvarar som særleg Larisa Lazutina, Jelena Välbe og Ljubov Jegorova, så ho måtte ofte sjå seg vraka til dei store meisterskapstevlingane. To fjerdeplassar under Ski-VM 1999 i Ramsau var hennar største prestasjonar i perioden.

Etter 2001-sesongen melde Nagejkina overgang til Kviterussland. Under vinterleikane 2002 overraska ho, 37 år gammal, ved lenge å blande seg inn i medaljestriden på 15 km fellesstart, der ho enda på femteplass.

I tida 1988-99 deltok Nagejkina på ti vinnarlag i stafettevlingar i verdscupen, to som representant for Sovjetunionen, dei resterande åtte som utøvar for Russland. Både i 2000 og 2002 vann ho kvinneklassa i Vasaloppet. Ho la opp i 2007.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]