Svid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svid
elv
Land  Russland
Lengd 61 km
Kjelde Vozje
 - høgd 120 moh.
Munning Latsja
Kart
Svid
61°11′25″N 38°44′33″E / 61.190277777778°N 38.7425°E / 61.190277777778; 38.7425

Svid (russisk Свидь) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland. Ho er 61 km lang og spring ut frå innsjøen Vozje på grensa til Vologda oblast og renn frå der nordover og munnar ut i innsjøen Latsja.

Svids renn gjennom eit nesten aude landskap. I den øvre delen er ho 40 til 120 meter brei og renn her mellom myrlendte og skogkledde breidder. Dei midtre delane av elva vert meir steinete og elva dannar fleire mindre stryk. På denne strekninga smalnar elva inn til 10-15 meter og renn raskare med høgare breidder. I den nedre delen av elva vert breiddene igjen låge og myrlendte. Ho munnar ut sør i Latsja, som renn vidare gjennom Onega til Kvitsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]