Svinøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svinøyfjorden er ein fjord i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 8 km nordaustover langs sørsida av Mellom-Vikna til Hovøya. Sør for fjorden ligg Svinøya, som fjorden er kalla opp etter og Vågøya. I tillegg ligg ei rekkje mindre øyar og holmar.

Fjorden startar i sørvest ved Kalvøya og Geksøya. Ved holmen Rypa på nordsida av fjorden, nord for Svinøya, går Kleifjorden nordover til Dragspøyta. Koordinatar: 64°52′15.985″N 10°58′24.434″E