Svinerygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svinerygg er ei av mange nemningar om bord på eit skip. Dette er ei forlenging av hudplatene i baugen slik at svineryggen utgjer ei tett rekkje eller skansekledning rundt den gjerne oppbygde delen forut som vert kalla bakken. Det var naturleg å gjera det slik for å motstå overvatn i sjøgang. Bakken vart tidlegare brukt som opphaldsrom for mannskap og vart då kalla ruffen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]