Svingesjakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svingesjakt eller svingekammer er ein bratt tunnel eller sjakt som blir nytta i samband med vasstunnelen i eit vasskraftverk. Formålet er å utjamna trykket som oppstår ved brå endringar i vassmengda som går gjennom turbinen. Sjakta har samband til tilløpstunnelen (gjerne på begge sider av turbinen), og ut til fri luft. I nokre nyare kraftverk er sjakta derimot lukka, og då blir trykkendringane dempa mot eit luftputekammer, som er ei luftpute i tett holrom.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]