Svingingsdempar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein svingingsdempar er ei innretning som skal hindre overføring av ristingar, t.d. frå ei maskin til eit fundament. Svingingsdemparen kan vere ei stålfjør støypt inn i gummi eller berre ein gummikloss. Når ei maskin står på svingningsdemparar, vil ho fjøra på dette underlaget med ein bestemd frekvens, eigenfrekvensen. Viss turtalet for maskina eller frekvensen for ristingane fell saman med denne eigenfrekvensen, kjem systemet i resonans, og utslaga kan bli særs store. Ein må difor sørge for at eigenfrekvensen for maskin på svingningsdemparar ligg minst 30 % under turtalet til maskina.

Støytdemparane på bilar er som oftast hydrauliske svingingsdemparar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]