Svir
Utsjånad
| Svir | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 84 400 km² | ||
| Lengd | 224 km | ||
| Middelvassføring | 785 m³/s | ||
| Kjelde | Onega | ||
| Munning | Ladoga | ||
![]() Svir 61°00′32″N 35°29′30″E / 61.008888888889°N 35.491666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Svir River | |||
Svir (russisk Свирь, finsk Syväri, estisk Sviri) er ei elv i Leningrad oblast i Russland. Elva er 224 km lang og har eit nedslagsfelt på 84 400 km². Svir renn frå Onega og vestover til Ladoga, og renn dermed mellom dei to største innsjøane i Europa. Elva har ei middelvassføring på 785 m³/s og er den største elva som munnar ut i Ladoga.
Heilt sidan Peter den store knytte saman elvane Svir og Neva med Ladogakanalen har elva vore ein del av Volga-Austersjøkanalen og forløparane til denne. Det er to vasskraftverk langs Svir.
Elva passerer Aleksandr-Svirskij-klosteret, som pleide å hyse Svirlag, ein av dei mest frykta gulagane. Områda rundt elva var åstad for kraftige kampar under den finske framhaldskrigen frå 1941 til 1944.
Største sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Byar langs Svir
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Лаба» frå Wikipedia på russisk, den 29. oktober 2008.
