Sviske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sviske

Svisker (av mellomnedertysk zwesken, frå latin) er tørka plommer (vanleg plomme eller sviskeplomme, Prunus domestica). Svisker kan etast som dei er, men blir også brukt til rettar som kompott, sviskegraut eller tilsett annan mat som jogurt.

Svisker inneheld mykje kostfiber, og har lenge vore rekna som god for fordøyinga.[1] Studiar har også vist andre gode helseeffektar, som at dei kan auka beintettleiken i samband med osteoporose.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Derfor bør du spise mer svisker» Arkivert 2015-01-19 ved Wayback Machine., kk.no
  2. «Comparative effects of dried plum and dried apple on bone in postmenopausal women», British Journal of Nutrition. Vol. 106/06/ September 2011, pp. 923-930