Hopp til innhald

Sviskegraut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sviskegraut

Sviskegraut eller sviskekompott er ein dessertrett laga av svisker (tørka plommer). Han er ein norsk tradisjonsrett som er blitt nytta til selskap og nokre stader som julemat.[1]

I tillegg til svisker kan ein nytta vatn, saft, sukker og potetmjøl, og retten kan serverast med fløytemjølk, det vil seia mjølk blanda med fløyte.[2][1][3]

  1. 1,0 1,1 «Norsk tradisjonsmat», norsktradisjonsmat.no, henta 18. februar 2023 
  2. TINE, «Sviskegrøt Med Fløtemelk - Oppskrift fra TINE Kjøkken», TINE (på norsk), henta 18. februar 2023 
  3. NRK (19. mars 2015), «Bestemor sin sviskekompott», NRK (på norsk bokmål), henta 18. februar 2023