Svovelpredikant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svovelpredikant er eit folkeleg omgrep på ein kristen predikant som freistar å skremma forsamlinga til omvending og frelsa ved å truga med evig tortur i helvete. Omgrepet oppstod fordi predikantane la særleg stor vekt på at helvete var ein stad fullt av eld, svovel og lava. Fenomenet svovelpredikantar har vore utbreidd over heile landet, men med hovudtyngd i sør og sørvest. Svovelpreiker var monaleg meir vanleg for 100 år sidan og attende til reformasjonen enn i dag. Den norske kyrkja tek i dag avstand frå denne typen forkynning, men svovelpreiker kan stadig høyrast i mange frikyrkjer.

Svovelpredikantar har vore utbreidd òg utanfor Noreg, lenge før sjølve omgrepet oppstod. Å truga med elden i helvete og pinsler vart for alvor vanleg på 1300-talet, mellom anna inspirert av Dantes inferno i Den guddommelege komedie av Dante Alighieri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]