Swahilifolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Swahiliar)

Swahilifolk er ei folkegruppe som bur langs kysten av Aust-Afrika, hovudsakleg i Kenya, Tanzania og nordre Mosambik. Dei snakkar swahili, eit handelsspråk som også blir brukt av svært mange som ikkje høyrer til folkegruppa. Eit overslag frå 2007 reknar med at det finst om lag 1 328 000 swahilifolk.[1] Dei fleste er muslimar.

Namnet «swahili» kjem frå det arabiske ordet sawahil, som tyder 'kystbuar'. På swahili blir swahilifolka kalla waswahili (fleirtal, er mswahili er eintal), medan sjølve språket heiter kiswahili.

Swahilifolka har ein lang tradisjon som kontaktar mellom det indre Aust-Afrika og handelsfolk frå Arabia, India og Europa (særleg Portugal), mellom anna i slave- og elfenbeinshandelen som hadde høgdepunkt på 1800-talet. Fiske er òg ein vanleg næringsveg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.