Swahilikultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå swahili.
Gamlebyen i Zanzibar med sultanpalasset.
Kvinne på Zanzibar kring 1890.
Mombasa ved byrjinga av 1900-talet.

Swahilikultur er dei felles kulturytringane som historisk har vore til sultanat og smårike langs kysten av Aust-Afrika. Swahilikulturen har framfor alt vore utbreidd i kjerneområdet til språket swahili, men har ikkje vore avgrensa til etniske swahilifolk. Kulturen er resultatet av over tusen år med kulturutveksling mellom den austafrikanske bantukulturen og den arabiske kultursfæren, men har òg innslag frå Persia, India og Europa.

Økonomien på swahilikysten har vore bygd på handel. Swahilikulturen har vore ein handels- og sjøfararkultur og ikkje minst ein bykultur som blei danna i små, ofte velståande bystatar. Bystatane har vore kontaktpunkt mellom det afrikanske innlandet og Indiahavet.

Framståande sultanat og bystatar på swahilikysten var mellom anna Gede, Kilwa Kisiwani, Mombasa og Zanzibar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tomasta dhow på eit frimerke frå Aden frå 1937.

Dei første bantubusetnadane på kysten av Aust-Afrika er frå byrjinga av det første tusenåret. Ei austafrikansk kystkultur er nemnd i greske Periplus Maris Erythraei frå det første hundreåret e.Kr.

Frå 600-talet byrjar arabisk handelsmenn og migranter å busetja seg i området, noko som sådde frøet til språket og kulturen swahili. Kring 35 prosent av vokabularet i swahili er arabiske lånord, som seier noko om kor omfattande den arabiske påverknaden var. Etterkvart oppstod bystatane som i mellomalderen skulle bli viktige handelssenter i Indiahavet, som Zanzibar og Mombasa.

Dei tidlege kontaktane med omverda var handelskontaktar, der dei fjernaste kontaktane var dei kinesiske ekspedisjonane som kom på 1400-talet. Med ulike fartøy som dhow, jahazi, baghlah, mtepe og andre handla swahilistatane med både den arabiske halvøya og India. Dei store handelsskipa blei nytta eit godt stykke inn på 1900-talet. Handelen følgde monsunvindane fram og tilbake over Indiahavet.

På 1500- og 1600-talet byrja først Portugal og seinare Oman freista å anleggja koloniar på swahilikysten. Kontrollen over nokre bystatar, som Mombasa, gjekk fram og tilbake mellom kolonisatorane, medan andre blei verande meir eller mindre frie. Zanzibar, som tidvis stod under omansk overhøgd, gjorde òg krav på å kontrollera delar av kysten.

Då Tyskland og Storbritannia la Aust-Afrika under seg på slutten av 1800-talet stod swahiliområda for ein av de større motstandskampanjane, Maji Maji-opprøret i Tysk Austafrika, som blei slegen ned på nokre år. I tillegg til kolonisasjonen blei enden på den omfattande slavehandelen ved Indiahavet òg eit hardt slag for fleire swahilistater.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Den store moskeen i Kilwa Kisiwani
Swahilidør på Lamu.
Fredagsmoskeen i Shela på øya Lamu
Kijahazi på Manda i Lamu arkipelag.

Handelen med krydder, elfenbein, gull og slavar gjorde fleire av smårika langs swahilikysten svært velståande, noko som er tydeleg i dei arkitektoniske spora i til dømes Gede og Kilwa Kisiwani og på Manda. I dei gamle bydelane i Zanzibar og Mombasa lever arkitekturen vidare.

Arkitekturen har tydeleg arabisk påverknad, og i tidlegare europeiske skildringar gjekk ein ut frå at swahilibyane var blitt bygde av arabarar. Det var underforstått at ein afrikansk kultur ikkje ville kunna skapa ein så utvikla stil.

Dei sirleg utskorne dørene er kjenneteiknande for alle kystbyar, der kvar by har sin eigen distinkte stil.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Skriftspråket på swahilikysten var fram til den europeiske koloniseringa arabisk, sjølv om den meste litteraturen var munnleg. Til dei litterære sjangrane som blei utvikla i Aust-Afrika høyrer utenzidikt og ukawafi.

Den tradisjonelle inndelinga av swahililitteratur er i tre delar: riwaya (prosa), tamthilia (drama) og shairi (poesi).

Nokre kjende forfattarar her Ali Alamin Mazrui, Muhammed Said Abdulla, Bwana Mwengo, Muhamadi Kijuma og Haji Chum.

Klede[endre | endre wikiteksten]

Det meste kjende tøyet frå swahilikusten er sannsynlegvis kanga, ein slags sarong som er blitt populær over heile Aus-Afrika. Det er eit fagerikt, firkanta tøystykke som kan nyttast som skjørt, hovudtørkle, bereplagg og anna. Langs eine langsida står ein tekst, ofte eit ordspråk. Kangaen er ei nokså ny oppfinning, inspirert av portugisiske lommetørkle. Trykkinga av ordspråk byrja fyrst på 1900-talet.

Kitenge og kikoi er andre sarongliknande plagg, der sistnemnde blir brukt av menn.

Swahilirike[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]