Swanage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Swanage

Swanage Panorama Crop.jpg
Plassering
Swanage is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Dorset
Distrikt Purbeck
Geografi
Koordinatar 50°36′36″N 1°57′36″WKoordinatar: 50°36′36″N 1°57′36″W
Diverse annan informasjon
Postnummer BH19
Telefon-retningsnummer 01929
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Swanage

Swanage er ein liten kystby søraust i Dorset i England. Han ligg aust på Isle of Purbeck, om lag 10 km sør for Poole og 40 km aust for Dorchester. Byen har kring 10 000 innbyggjarar. I nærleiken ligg Ballard Down, Old Harry Rocks, med Studland Bay og Poole Harbour i nord og Durlston Bay og Durlston Country Park i sør.

Byen, som opphavleg var ein liten hamneby og fiskelandsby, blømde i victoriatida, då han vart ei viktig utskipingshamn for stein og seinare ein feriestad for dei rike. I dag er byen framleis ein populær turiststad, som i dag er hovudnæringa her. Her finst sandstrender og fleire andre attraksjonar.

Byen ligg heilt aust på Jurassic Coast, ein verdsarvstad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]