Sweet Dreams av Don Gibson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Sweet Dreams» eller «Sweet Dreams (of You)» er ein countryballade skriven av Don Gibson. Gibson spelte songen inn første gongen i 1956 og versjonen hans nådde topp ti på country-lista i USA, men hamna i skuggen av versjonen til Faron Young. I 1960, etter Gibson hadde vorte ei stor countrystjerne, gav han ut ein ny versjon som singel. Denne versjonen nådde òg topp ti på country-lista[1] og kryssa over på Billboard Hot 100, der han nådde 93. plass. Songen har sidan vorte ein country-standard, med kjende versjonar av mellom andre Patsy Cline og Emmylou Harris.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1956) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 9
Liste (1960) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 6
U.S. Billboard Hot 100 93

Faron Young-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1956 spelte Faron Young inn «Sweet Dreams» og nådde andreplassen på countrylista. Det var denne versjonen som gjorde at Gibson vart kjend som ein talentfull låtskrivar.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1956) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 2

Patsy Cline-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Sweet Dreams
av Patsy Cline
frå albumet The Patsy Cline Story
Språk engelsk
Utgjeve 1963
Innspelt 1963
Sjanger Country
Lengd 2:31
Selskap Decca
Komponist Don Gibson
Tekstforfattar Don Gibson
Låtskrivar(ar) Don Gibson
Produsent Owen Bradley
Patsy Cline-kronologi 
«Leavin On Your Mind»
(1963)
Sweet Dreams «Faded Love»
(1963)


Tidleg i 1963 spelte Patsy Cline inn songar for det neste albumet sitt, Faded Love, som skulle ut seint i mars 1963. Men den 5. mars omkom Cline i ei flyulukke etter ein konsert i Kansas City i Missouri for familien Cactus Jack Call, ein DJ som omkom i ei bilulukke, så albumet vart aldri gjeve ut. Songane vart seinare gjeve ut som «Patsy Cline the Last Sessions» i 1988.

I staden gav Decca Records ut eit dobbeltalbum kalla «The Patsy Cline Story» sommaren 1963.

I 1963 vart «Sweet Dreams» gjeven ut og vart ein stor hit, som nådde femteplassen på countrylista og 44. plass på poplista. Han nådde òg ein 15. plass på Adult Contemporary-lista. Denne songen vart etterfølgd av to andre songar som var planlagt for det komande albumet hennar, «Leavin' on Your Mind» og «Faded Love», som begge vart hittar.

Det vart sagt at Cline ikkje likte fiolinane som produsenten Owen Bradley nytta på songen, fordi ho frykta at songen vart for mykje «pop» for country-fansen hennar. Men då ho høyrte songen etter å ha spelt han inn, skal ho halde opp den første plata si og «Sweet Dreams» og sagt «Vel, her er det: Den første og den siste». Dette sitatet kom frå videoen kalla Remembering Patsy, og vart sagt av Jan Howard som på den tida var gift med Harlan Howard.

I 1985 vart songen nytta som tittelmelodien i filmen basert på livet til Patsy Cline med Jessica Lange som Cline. Cline-versjonen av «Sweet Dreams» vart nytta i filmen, i lag med «Crazy», «She's Got You», og mange andre av songane hennar. Songen er òg nytta i Martin Scorsese-filmen The Departed frå 2006, Asif Kapadia-filmen The Return frå 2006 og The Coen Brothers-filmen Blood Simple.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singlar 5
U.S. Billboard Hot 100 44
U.S. Billboard Easy Listening 15

Tommy McLain-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den versjonen som hadde størst suksess på poplista i USA var versjonen til Tommy McLain. Denne versjonen vart gjeven ut i 1966 og er den einaste som har nådd topp førti.[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 15

Emmylou Harris-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Tolkinga til Emmylou Harris er den mest suksessrike versjonen på countrylista då ho nådde toppen av lista den siste veka i 1976.

Reba McEntire-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Sweet Dreams
av Reba McEntire
frå albumet Out of a Dream
Språk engelsk
Utgjeve 1979
Sjanger Country
Lengd 2:59
Selskap PolyGram/Mercury
Komponist Don Gibson
Tekstforfattar Don Gibson
Låtskrivar(ar) Don Gibson
Produsent Jerry Kennedy
Reba McEntire-kronologi 
«That Makes Two of Us»
(1979)
Sweet Dreams «(I Still Long to Hold You) Now and Then»
(1980)


Country-songar Reba McEntire spelte inn ein versjon av songen for det andre albumet hennar, Out of a Dream, i 1979. «Sweet Dreams» gav ho den første hitten hennar, då ho nådde 19. plassen på country-lista. I mange år, fram til 15. mars 1991, avslutta McEntire konsertane sine med ein acapella-versjon av songen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering

position

U.S. Billboard Hot Country Singlar 19
Canada RPM Country Singlar 46

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er òg spelt inn av Tammy Wynette for albumet D-I-V-O-R-C-E[3] og Elvis Costello & The Attractions i 1981 for album Almost Blue.

Det er òg spelt inn tre instrumentale versjonar av songen. Ein av desse var av Roy Buchanan i 1972 for albumet Roy Buchanan, som vert spelt under rulleteksten til Martin Scorsese-filmen The Departed.

Chet Atkins og Mark Knopfler spelte inn ein versjon av songen i 1990 for albumet Neck and Neck på Columbia Records. I 1997 vart songen spelt inn av HellecastersReturn of the Hellecasters med Jerry Donahue, John Jorgenson og Will Ray.

I 1980 vart «Sweet Dreams» nytta i filmen om Loretta Lynn, Coal Miner's Daughter og vart sungen av Beverly D'Angelo som spelte Patsy Cline.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Country Hits. New York: Billboard Books. s. 122–123. ISBN 0-8230-7632-6. 
  2. Tommy McLain Chart Positions. Allmusic.com
  3. allmusic ((( D-I-V-O-R-C-E > Overview )))