Sweets for My Sweet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sweets for My Sweet
Singel av The Drifters
frå albumet Save The Last Dance For Me
B-side «Loneliness or Happiness»
Utgjeve 2. juli 1961
Sjanger Soul, R&B, Pop
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Doc Pomus, Mort Shuman
The Drifters-kronologi
«Please Stay»
(1961)
Sweets for My Sweet «Room Full of Tears»
(1961)


Sweets for My Sweet
Singel av The Searchers
frå albumet Meet The Searchers
B-side «It's All Been a Dream»
Utgjeve Juni 1963
Oktober 1987 (nyutgjeving)
Sjanger Merseybeat
Lengd 2:31
Selskap Pye Records 7N15533
Låtskrivar(ar) Doc Pomus, Mort Shuman
The Searchers-kronologi
Sweets for My Sweet «Sugar and Spice»
(1963)


«Sweets for My Sweet» er ein song skriven av låtskrivarane Doc Pomus og Mort Shuman,[1] opphavleg spelt inn av The Drifters. Det var den første singelen til gruppa med Charlie Thomas på solovokal og «Sweets for My Sweet» nådde 16. plass på singellista i USA (10. plass på R&B-lista) i oktober 1961. Dette var ein av få Drifters-singlar etter 1958 som ikkje hadde med strykeorkester. Med på singelen var òg Jimmy Radcliffe og fire kvinnlege korvokalistar, som alle seinare fekk sine eigne hitinnspelingar, Cissy Houston, Doris Troy, Dionne Warwick og Dee Dee Warwick.

I 1963 vart «Sweets for My Sweet» debutsingelen for Merseybeat-bandet The Searchers som nådde toppen av den britiske singellistai to veker i august. The Searchers-versjonen vart òg gjeven ut i USA våren 1964, men gjekk ikkje inn på lista der.

«Sweets for My Sweet» vart òg spelt inn i 1966 av Don and the Goodtimes - eit sunshine pop-bandet leia av Don Galucci som tidlegare hadde spelt i the Kingsmen - og i 1967 av Chicago-bandet the Riddles. I 1968 spelte Cashman Pistilli & West inn «Sweets for My Sweet» under namnet Central Park West.

«Sweets for My Sweet» vart gjeve ut i 1969 av the Sweet Inspirations som tittelsporet for albumet deira, spelt inn i Muscle Shoals Sound Studio med Tom Dowd som produsent.

Dei einaste amerikanske versjonen av «Sweets for My Sweet» som nådde Hot 100 etter originalen var Tony Orlando sin i 1979 som nådde 54. plass på lista (20. plass på A/C-lista) i 1979.

I Storbritannia lagde Tina Charles ein ny versjon av «Sweets for My Sweet» i 1977 i lag med «Love Bug». Songen var med på albumet hennar Rendezvous og vart gjeve ut som ein singel som ndåde 26. plass på singellista.

I 1996 nådde C.J. Lewis tredjeplassen i Storbritannia med sin versjon av «Sweets for My Sweet». Denne vart òg ein stor hit i Austerrike (9. plass), Nederland (4.), New Zealand (3.), Sverige (16.) og Sveits (16.) og gjekk inn på lista i Australia (45.) og Frankrike (69.).

«Sweets for My Sweet» vart òg spelt av the Carnival, Italo disco-songaren Chriss og Manolo Muñoz (som «Dulces Para Mi Nena») og Neil Diamond (på albumet Up on the Roof: Songs from the Brill Building.

I 1995 spelte Brian Wilson inn «Sweets for My Sweet» på 'Til The Night Has Gone - A Tribute To Doc Pomus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Doc Pomus - Biography». Allmusic.com. Henta 11. september 2013.