Swing Low, Sweet Chariot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Swing Low Sweet Chariot)
Hopp til navigering Hopp til søk
Swing Low, Sweet Chariot
Song av
Sjanger Negro spiritual
Låtskrivar(ar) Kanskje Wallace Willis
Noteside frå The Jubilee Singers (1873)
«Swing Low, Sweet Chariot» framført av Fisk Jubilee Singers i tida 1915-1920.
«Swing Low, Sweet Chariot» framført av Johnny Cash og Tennessee Two rundt 1958.

«Swing Low, Sweet Chariot» er ein negro spiritual frå USA. Han er kjend frå ei rekkje samfunn og frå over 60 innspelingar utført av artistar som B.B. King, Etta James, Sam Cooke, Johnny Cash, Eric Clapton, Stevie Wonder, Nina Simone og Beyonce.[1][2]

Den eldste kjende innspelinga fann stad i 1909, av Fisk Jubilee Singers. I 2002 valde Library of Congress ut denne innspelinga som ei av 50 til å inkludera i National Recording Registry det året. Han er også teken med på lista Songs of the Century laga av Recording Industry Association of America og National Endowment for the Arts.

Songen er offisiell delstatsgospelsong for Oklahoma.[3] Songen blir også brukt som uoffisiell nasjonalsong av det engelske rugbylandslaget, og blir ofte sungen av tilskodarar ved rugbykampar.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen er kjend frå 1800-talet. Han har ukjend opphav, men Wallace Willis, ein frigjort slave, er blitt omtalt som diktaren. Presten Alexander Reid ved Old Spencer Academy, skreiv ned «Swing Low, Sweet Chariot» og «Steal Away» etter at han hadde høyrd Willis synga dei. Han sende avskriftene til Jubilee Singers ved Fisk University i Nashville i Tennessee. Gruppa gjorde begge songane kjende gjennom turnear i USA og Europa, og «Swing Low, Sweet Chariot» blei ein signatursong for gruppa.[4] Songen blei først gjeven ut skriftleg i 1870, og i songbøker frå Fisk University Jubilee Singers.

Ei anna opphavssoge knyter songen til Ella Shepard, ein av grunnleggjarane av Jubilee Singers. Shepard var dottera av ein slave som hadde frikjøpt seg sjølv og ei kvinne som framleis var slave i Tennesse. Faren hadde klart å kjøpta fri Ella. Då mora fekk høyra at ho kom til å seljast til ein stad lenger sør, og skiljast frå familien, ville ho ifølgje soga drukna seg sjølv og barnet i elva. Ho blei overtalt av ei eldre kvinne til å ikkje gjera det, som mellom anna sa «let de chariot of de Lord swing low.»[5]

«Swing Low, Sweet Chariot» var utbreidd i afroamerikanske kyrkjer [6] På 1950-talet fekk han ei ny tyding for den amerikanske borgarrettsrørsla.[7] Han blei også sungen blant andre grupper, som walisiske mannskor og i britiske pubar og klubbar.[7] Han var mellom anna kjend i rugbyklubbar, og i 1988 braut Twickenham stadion ut i songen då England spelte mot Irland. Det er oppgjeve ulike opphavspersonar og grunnar for allsongen. Ei gruppe tilhengjarar frå Market Bosworth RFC skal ha byrja å sunga songen, som dei kjende frå rugbyklubben sin. Det blir også ofte fortald at ei gruppe frå Douai Abbey, som hadde Swing Low som skulesong, song Sweet Low under denne kampen.[1] Synginga kan ha samband med at spelaren Chris Oti, den første farga spelaren for England på fleire tiår, skåra eit hat-trick i denne kampen, og bidrog at England gjekk frå å liggja under 3-0 ved pausen til å vinna 35-3.[8] Etter denne hendinga kom songen inn på repertoaret til engelske rugbysupporterar, og blei etterkvart teken i bruk av den nasjonale idrettsorganisasjonen Rugby Football Union.[7]

7. februar 2011 blei songen utnemnd til offisiell gospelsong for den amerikanske delstaten Oklahoma. Den moglege songskrivaren Wallace Willis budde i eit område (Indian Territory) som seinare blei del av delstaten.[9][10]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

«Swing Low, Sweet Chariot» er ein call and response-song der ein forsongar typisk syng første og tredje linja av melodiverset, og dei andre songarane kvar gong svarer med den gjentakande linja «Coming for to carry me home». Han skil seg frå mange andre call and response-songar ved å syngast sakte og roleg.[11]

Refreng:

Swing low, sweet chariot
Coming for to carry me home
Swing low, sweet chariot
Coming for to carry me home

I looked over Jordan, and what did I see?
(Coming for to carry me home)
A band of angels coming after me
(Coming for to carry me home)

Refreng

If you get there before I do
(Coming for to carry me home)
Tell all of my friends, that I'm coming there too
(Coming for to carry me home)

Refreng

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Songen er inspirert av bibelsoga om profeten Elia som blir henta til himmelen i ei eldvogn.[12] Songaren uttrykker eit ønske om å også få koma «heim» til himmelen. Som mange andre spiritualar fortel han om ein person som vil flykta, anten gjennom ei bokstaveleg flukt eller gjennom døden.[2]

Liknande tema er kjende frå spiritual-songane «Chariot is coming»/«Good News, the Chariot's Coming» og «Ride up in the chariot».

Versjonar og variantar[endre | endre wikiteksten]

Frå omlag 1960-talet er det kjend ein variant av songen med miming, både frå rugbymiljøet og militæret. Først syng ein songen medan ein mimer kvart ord, deretter nynner ein han medan ein mimer, og til slutt er ein stille medan ein mimer. Nokre av mimerørslene kan vera vulgære.[13]

Andre versjonar av songen er Swing Low, Sweet Cadillac, framført av Dizzy Gillespie i 1967, eller Swing Down Sweet Chariot, ein raskare og meir humoristisk song som mellom anna er blitt framført av Elvis Presley.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Fisk University Jubilee Quartet utførte ei poulær tidleg innspeling[14] for Victor Records (No. 16453) den 1. desember 1909[15] Apollo Jubilee Quartette spelte han inn den 26. february 1912 for Columbia Records (A1169) i New York by.[16][17]

Seinare har ei rekkje ulike artistar spelt inn songen i forskjellige stilar. Paul Robeson spelte inn ein versjon 7. januar 1926 for Victor (No. 20068).[18] Bing Crosby spelte inn ein versjon 25. april 1938,[19] medan Peggy Lee gav ut ein versjon i 1946.[20] Louis Armstrong hadde ein versjon på albumet Louis and the Good Book frå 1958, Sam CookeSwing Low frå 1961, Kenny Ball and His Jazzmen på The Kenny Ball Show frå 1962.

Eric Clapton[endre | endre wikiteksten]

Swing Low, Sweet Chariot
Song av Eric Clapton
frå albumet There's One in Every Crowd
Utgjeve Mai 1975
Sjanger Blues rock · reggae
Lengd 3:33
Selskap RSO
Produsent Tom Dowd
Eric Clapton-kronologi
Willie and the Hand Jive
(1974)
Swing Low, Sweet Chariot Knockin' on Heaven's Door
(1975)


Den britiske rockemusikaren Eric Clapton spelte inn ein reggaeversjon av songen til albumet There's One in Every Crowd frå 1975. RSO Records gav det ut som ein singel med B-sida «Pretty Blue Eyes» i mai det året, produsert av Tom Dowd.[21] Clapton sin versjon kom på ulike singellister, mellom anna i Japan, Nederland, New Zealand og Storbritannia.

Bruk i samband med verdscupen i rugby[endre | endre wikiteksten]

Swing Low
Song av UB40 med United Colours of Sound
Utgjeve 27. oktober 2003
Sjanger Reggae
Selskap DEP International (DEPDJ58)
Produsent Charlie Skarbek
UB40 med United Colours of Sound-kronologi
Cover Up
(2002)
Swing Low Kiss and Say Goodbye
(2005)


Swing Low, Sweet Chariot
Song av Ella Eyre
Utgjeve 7. september 2015
Innspelt 2014
Sjanger Pop
Lengd 3:14
Selskap Virgin EMI Records
Produsent
  • Glyn Aikins
  • Mojam
Ella Eyre-kronologi
Good Times av Ella Eyre Good Times
(2015)
Swing Low, Sweet Chariot Best of My Love
(2015)


Songen blei spelt inn av «Union featuring the England World Cup Squad» då England deltok i verdscupen i rugby i 1991. Han nådde 16. plassen på UK singles chart.

For tevlinga i 1995 blei han spelt inn på nytt av den britike reggaeduoen China Black saman med det sørafrikanske koret Ladysmith Black Mambazo.

I 2003 blei han spelt inn av UB40 og United Colours of Sound. Han nådde først 23. plass på topplista, men etter at England vann tevlinga kom han tilbake på lista og nådde 15. plassen.[22][23]

Blake spelte inn ein ny versjon for verdscupen i 2007. For verdscupen i 2011 på New Zealand laga Our Lady Muse (O.L.M) ein festversjon av songen med ekstra verstekst.

I samband med verdscupen i rugby i 2015 gav den engelske songaren Ella Eyre ut ein versjon av songen for digital nedlasting den 7. september 2015, i lag med England Rugby. Songen skulle tena inn pengar til England Rugby sitt All Schools-program.

Songen i film og biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Swing Low, Sweet Chariot (1929) av Malvin Gray Johnson.

Songen har inspirert måleri av Malvin Gray Johnson og William H. Johnson (1901–1970)[24]

Han har også blitt brukt i ei rekkje filmar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Swing Low Sweet Chariot - history, England Rugby 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Why do rugby fans sing Swing Low, Sweet Chariot?», BBC News, 7. februar 2015 
  3. Swing Low, Sweet Chariot, henta 21. februar 2018 
  4. Calling Card in Swing Low, Sweet Chariot, Shmoop.com 
  5. Work, John Wesley (1915), Folk song of the American Negro, s. 78-82 
  6. Ian Cameron (1. juni 1922), «Negro Songs», The Musical Times: 431–432  Unknown parameter |vol= ignored (|volume= suggested) (hjelp); Den ukjende parameteren |no= vart ignorert (hjelp)
  7. 7,0 7,1 7,2 Andrew Keh (7. mars 2017), «How a Slave Spiritual Became English Rugby’s Anthem», New York Times 
  8. Hugh Farrelly (13. mars 2008), «Oti the man to blame as 'Swing Low Sweet Chariot' continues to roll», Independent.ie 
  9. Oklahoma State Gospel Song, Swing Low, Sweet Chariot, NETSTATE.COM, henta 21. februar 2018 
  10. Oklahoma State Symbols, henta 21. februar 2018 
  11. John Wesley Work (1940), American Negro Songs: 230 Folk Songs and Spirituals, Religious and Secular, Courier Corporation, s. 19 
  12. Andre Kongebok, 2:11, bibel.no 
  13. Origins: 'Swing Low Sweet Chariot' Bawdy Gestures, mudcat.org 
  14. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 159. ISBN 0-89820-083-0. 
  15. «The Online Discographical Project». 78discography.com. Henta 6. august 2017. 
  16. Dixon, Robert M. W. Blues and Gospel Records: 1890–1943 (Blues and Gospel Records), Oxford University Press (1997), s. 23 – ISBN 0-19-816239-1
  17. Brooks, Tim. Lost Sounds: Blacks and the Birth of the Recording Industry, 1890–1919, University of Illinois Press (2004), s. 258 – ISBN 0-252-02850-3
  18. «The Online Discographical Project». 78discography.com. Henta 6. august 2017. 
  19. «A Bing Crosby Discography». BING magazine. International Club Crosby. Henta 6. august 2017. 
  20. «The Peggy Lee Bio-Discography And Videography». peggyleediscography.com. Henta 6. august 2017. 
  21. «Eric Clapton – Swing Low Sweet Chariot – hitparade.ch». Schweizer Hitparade (på tysk). Steffen Hung – Hung Medien. Henta October 21, 2015. 
  22. «UK Charts - UB40». www.officialcharts.com. Henta 14. juni 2013. 
  23. «Swing Low». www.discogs.com. Henta 14. juni 2013. 
  24. Swing Low, Sweet Chariot, Smithsonian American Art Museum, henta 24. februar 2018 
  25. Croce, Fernando. «Dirigible (Frank Capra / U.S., 1931)». CinePassion. Henta December 28, 2017. 
  26. Simpson, Eugene Thamon (2008). Hall Johnson: His Life, His Spirit, and His Music. Scarecrow Press. s. 116. ISBN 0810860384. 
  27. Reid, John Howard (2005). Movie Westerns: Hollywood Films the Wild, Wild West. Lulu.com. s. 88. ISBN 1411666100. 
  28. Lupack, Barbara Tepa (1999). Nineteenth-Century Women at the Movies: Adapting Classic Women's Fiction to Film. Popular Press. s. 245. ISBN 0879728051. 
  29. Koestenbaum, Wayne (2012). The Anatomy of Harpo Marx. University of California Press. s. 117. ISBN 0520269012. 
  30. Dunne, Michael (2004). American Film Musical Themes and Forms. McFarland Publishing. s. 45–46. ISBN 078641877X. 
  31. Goldsmith, Melissa; Wilson, Paige; Fonseca, Anthony (2016). The Encyclopedia of Musicians and Bands on Film. Rowman & Littlefield Publishers. s. 353–354. ISBN 1442269863. 
  32. Scribner, John. «Worst Disney 52: The Shaggy D.A.». Cinema 52. Henta December 29, 2017. 
  33. Knapp, Laurence (1996). Directed by Clint Eastwood: Eighteen Films Analyzed. McFarland & Co. s. 113. ISBN 0786402717. 
  34. «The "Addams Family Values" Cast Reveals Behind-The-Scenes Secrets 20 Years Later». BuzzFeed. Henta December 29, 2017. 
  35. «The Birth of a Nation: how Nate Parker failed to remake history». The Guardian. October 10, 2016. Henta December 3, 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]