Switched at Birth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Switched at Birth er ein tv-film frå 1991 regissert av Waris Hussein. Filmen er basert på den sanne historia om Kimberly Mays og Arlena Twigg, to barn som var ombytta kort tid etter fødselen på eit sjukehus i Florida i 1978.

I filmen[endre | endre wikiteksten]

Når Arlena Twigg blir sjuk avslører ei blodprøve at ho ikkje er den biologiske dottera til foreldra sine. Når Arlena døyr under ein operasjon ni år gamal, byrjar foreldra hennar å leite etter den biologiske dottera si som har vakse opp som Kimberly Mays. Mays vart eit offer i ein rettskamp på slutten av 80-talet og I byrjinga av 90-talet mellom dei biologiske foreldra og Bob Mays, mannen som hadde oppdratt ho. Mays vann retten til å få bli hos Bob Mays. I 1993, rømte ho seinare vekk frå Bob og flytta inn med dei biologiske foreldra.