Sydneshaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sydneshaugen er området mellom Muséplass og Dragefjellet i strøket Sydnes på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Her ligg den kulturhistoriske avdelinga av Universitetsmuseet i Bergen, Bergen Sjøfartsmuseum, Fastings Minde, Johanneskirken, Universitetsbiblioteket i Bergen, Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen og bustadsgårdar.

Her ligg òg Sydneshaugen skole, som no vert brukt av universitetet. Buekorpset Sydnæs Bataljon har eksersis i Vinjes gate, som ligg heilt inntil skulen.

Området var på 1800-talet mykje brukt til rekreasjon, og her bruka ein òg brenne jonsokbål.