Sygna Uldvarefabrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sygna Uldvarefabrik på Hermansverk.
Plysen (t.v.) og spinneriet slik det ser ut i 2012. Gamlebygningen stod til venstre for Plysen, ned mot elva.

Sygna Uldvarefabrik A/L var ein tekstilfabrikk ved Henjaelvi på Hermansverk i Leikanger i Sogn og Fjordane. Fabrikken vart starta som shoddyfabrikk med namnet Larsen Dampfarveri av Mathias Larsen i 1910. I 1913 tok Arne Johannesen over og skipa aksjelag med namnet Sygna Uldvarefabrik A/L. Det vart reist ein stor fabrikkbygning i sveitserstil, der mykje av materialen kom frå reisinga av Fridtjof-statuenVangsnes. Produksjonen var i hovudsak ullgarn, ullteppe og etter kvart bomullsty. Fabrikken gjekk dårleg under krisa på 30-talet, og tilsette vart permitterte og oppsagde. I 1932 organiserte dei seg i Hermansverk Tekstilarbeiderforening.

Framgangstider og nedlegging[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen gjekk fabrikken bra. Tidleg på 50-talet vart fabrikken utvida med to nye bygningar som inneheldt plys, kamgarnspinneri og vevegarnavdeling. Sygna gjekk inn i Norsk Kamgarn Industri i 1963, og spesialiserte seg deretter på strikkegarn. I 1964 vart det bygt ein ny etasje på spinneriet og investert i ny maskinpark. Fabrikken gjekk konkurs i 1972, men disponent Anders Dancke Sunde fekk Sandnes Kamgarn Spinneri til å ta over. Fabrikken på Sandnes brann ned til grunnen i 1978, og produksjonen på Hermansverk vart nedlagd i 1982 då ny fabrikk på Sandnes stod ferdig.

Smoltanlegg og sanering[endre | endre wikiteksten]

I 1984 starta Sygna Aquakultur smoltoppdrett i lokala til Sygna Uldvarefabrik. Anlegget var i drift til 1993, då nytt anlegg i Riverdalen på Hermansverk vart teke i bruk. Dette er framleis i drift av Marine Harvest.

Fabrikkpipa og den gamle trebygningen frå 1913 vart riven vinteren 2001. Plysen og spinneriet frå 50- og 60-talet står framleis, og fram til 2012 vart spinneriet nytta som garasjeanlegg for Leikanger Taxi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]